tekst

Då eg var ungdom pleidde eg lese gjennom tekstane på alle nye cd’ar eg kjøpte. Gjerne samstundes med at eg høyrte musikken for første gong. Det var eit fint lite rituale eg hadde for meg sjølv. Nokre gongar var det svært nyttig; som då eg skulle høyre gjennom System Of A Down sitt album «Hypnotize» – de som kjenner til bandet skjønnar kva eg meiner. 

Mest av alt var det for å få litt betre innsikt i musikken med ei gong. Korleis tekst og melodi jobba saman og for å prøve å tolke kva artisten eigentleg sang om. Om du vil kan du lese teksten til den nye sangen min i linken eg legg ved her: Lyrics

Eg kan ikkje love betre innsikt, men kanskje får låta ei ny innfallsvinkel for deg eller ny meining.